På skattelistene for 2022 hadde butikkeigar Frode Sevaldrud i Førde ein formue på 13 millionar.
I 2023 kan ein nesten kalle det ei dobling, då han står oppført med 22 millionar kroner.
Doblinga vil bety at han må betale meir skatt enn tidlegare. Det synest han ikkje noko om.
– Vi blir straffa for å investere og utvikle, seier Sevaldrud.
Investert langsiktig
Sevaldrud eig og driv butikkane Storm, Medvind og Frost. I tillegg er han med på eigarsida av Øyrane senter.
Han snakkar om det som ei langsiktig investering – litt på same måte som formuen har auka.
– Eg har tatt ut ei moderat løn og ført overskotet tilbake til butikkane.
Han fortel at 1/3 del av formuen er knytt opp i dei tre butikkane, som igjen er knytt opp i varelager. Det er altså ikkje pengar som er disponible for uttak.
Dei andre tredjedelane er knytt opp i næringseigedom gjennom Øyrane Senter AS, og resterande i private utleigeeigedomar.
– Eg har auka investeringane gradvis, men på grunn av at regjeringa kraftig har auka måten å verdsette bedrifter og eigedommar på, har eigendelane mine gitt mykje høgre formue på likninga. Då regjeringa auka skatten frå 2021, fekk det effekt på mine aksjeselskap i 2022, som igjen gir høgare privat formue for 2023.
Skatt på skatt
I Norge har vi inntektsskatt, selskapsskatt, eigedomsskatt og ikkje minst den omsnakka formuesskatten.
– I staden for å betale formuesskatt ville eg heller betalt meir skatt på til dømes inntekt eller selskapsskatt, seier Sevaldrud.
Han seier at eit selskap kan gå konkurs og formuen forsvinne – derfor er det er meir logisk å betale pengar for det du faktisk har tent enn verdiar du kanskje aldri får glede av, meiner han.
Sevaldrud er av den oppfatning at mange ville betalt skatt med større glede om ein såg at stigninga i skatt og avgifter styrka velferdsstaten, men at det ikkje er det som skjer:
– I staden kuttar staten i barnehagar, politi, helse og velferd generelt.