Fjord1-salet: – Formuesskatten var avgjerande

Auka formuesskatt er hovudgrunnen til at Havila Holding sel Fjord1 no. Det stadfestar Vegard Sævik i Havila Holding.
e-24-nrk-web

Det vart tysdag kjent at dei europeiske fonda «DIF Capital Partners» og «EDF Invest» har kjøpt Fjord1. Saka har fått stor merksemd i media, mellom anna har NRK laga ein artikkel om saka.

– Innretninga på norsk skatt gjer at vi har behov for å frigjere pengar jamt og trutt, seier Sævik om årsaka til salet.

Sævik meiner norsk skattepolitikk gjer at norske eigarar blir skadelidande i konkurranse med utanlandske.
– Den norske formuesskatten gjer at norske eigarar i kapitalintensive industriar har eit stort handikap samanlikna med utanlandske eigarar. Norske eigarar må ta ut pengar løpande for å betale ein skatt som våre konkurrentar ikkje treng å ta omsyn til, seier han.

Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Per Vidar Kjølmoen seier han synest det er synd at Fjord1 no er seld ut av landet.

– Fjord1 var jo MRF (Møre og Romsdal Fylkesbåtar). Eit offentleg selskap som fylkeskommunen eigde for å drive ferjerutene i Møre og Romsdal, og eg synest jo det er litt dumt at ferjereiarlaget no blir selt ut av landet.

Les meir på nrk.no og på e24.no

Del gjerne saken i sosiale medier

LinkedIn
Facebook