Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) brukar skattegrep for å få til utjamning mellom kommunar. Foto: Janne Grete Aspen
På den måten vil kommunar med mange formuande innbyggjarar gi større delar av inntekta si til staten, som så kan fordele den vidare til fattigare kommunar. – Både utbyteskatten og inntektene frå formuesskatten blir erstatta av alminneleg inntektsskatt, som er jamnare fordelt rundt om i landet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).