Bedrifter vil formuesskatten til livs

Korleis påverkar formuesskatten dei lokale bedriftene våre? Det var tema under eit frukostmøte i Førde melder Sogn Avis. Til stades var stortingsrepresentant og nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn.
Det-handlar-om-overlevingsevna-var

Rotevatn seier at partiet ikkje heilt har bestemt seg for kva dei vil gjere med formuesskatten dersom dei kjem i regjering ved neste val.

– Det er viktig å belyse korleis formueskatten påverkar lokaleigde bedrifter, seier Andrea Fardal Opseth i Opseth Invest.

Ho er dagleg leiar i Opseth Invest og styremedlem i Førde Sementvare. Bedrifta fylte nyleg 94 år og er ei av dei lengstlevande bedriftene i Førde. Opseth er fjerde generasjon Opseth i bedrifta.

Kring 25 bedrifter var representerte under frukostmøtet som gjekk føre seg på Scandic Hotell i Førde tidlegare i mars. Tema var formuesskatt og korleis dette påverkar næringslivet, spesielt i mindre lokalsamfunn.

Sveinung Rotevatn sette pris på alle innspela som kom fram under frukostmøtet. Han synte forståing for utfordringane som bedriftene kjenner på som følge av formuesskatten, som har auka dei siste åra.

På spørsmål frå salen om kva Venstre vil gjere med formuesskatten dersom dei kjem i regjering ved neste val, svara han:

– Det har vi ikkje bestemt oss for enno, vi held på å diskutere programmet no. Vi kjem garantert til å redusere den, men kor langt skal vi gå? Eg skulle gjerne ha fjerna den heilt, men då må vi ha ein bevisst plan for korleis ein kan gjere opp for delar av inntektstapet til staten.

Les mer

Del gjerne saken i sosiale medier

LinkedIn
Facebook